Lærdalselvi

Lærdalselvi har sitt utspring på Filefjell og Hemsedalsfjellet der Austlandet møter Vestlandet. Elva svingar seg nedover Lærdal gjennom tronge juv, og over flate elvesletter, før ho til slutt renn ut i Sognefjorden ved Lærdalsøyri.

Lærdalselvi har ein rik tradisjon som ei av dei beste lakseelvane i Norge, og er kanskje den mest kjente internasjonalt. Allereie tidleg på 1800-talet kom dei første engelskmennene til Lærdal. Storlaks på opptil 25 kg har lokka forretningsfolk, film- og musikkstjerner og kongelege til Lærdal for å fiske laks.

Du kan framleis lokke storlaks på 10 – 15 kg med ei laksefluge i Lærdal. Opplevinga når du har ein lærdalslaks på kroken blir eit minne for livet!