Elveeigarlaget

Grunneigarane i Lærdalselvi er organisert i Lærdal elveeigarlag. Elveeigarlaget sine viktigaste oppgåver er å skaffe kunnskap om fiskebestanden i elva, drive kultiveringsarbeid, gje råd om regulering av fisket, fiskeoppsyn, organisere smitteførebyggjande tiltak, utarbeide fangststatistikk og rapportere til den offentlege fiskeforvaltninga. Laget skal opptre på vegne av medlemane i saker som har betydning for fisket. Lærdal

Elveeigarlag skal informere om saker av interesse for vener av Lærdalselvi.