Dalen

Lærdal er forma av isbrear og rennande vatn gjennom titusenvis av år.

Lærdalselvi har forma dalbotnen, og er eit framhald av den geologiske historia som har forma dalen. Landskapet består av bratte dramatiske fjellsider, og eit aktivt drive jordbrukslandskap på elvesletta i dalbotnen.

Dalen er prega av lite nedbør, tidlig vår og varme somrar. Klimaet og jorda gjer at dalen er særs godt eigna til jordbruksproduksjon. Landbruket er allsidig og prega av optimisme. Mest kjent er kanskje dei gode tidlegpotetene. Siste åra har morellar frå dalen vorte eksportert til eit kresent publikum i England, Nederland og Saudi-Arabia.

Den vakre og ville naturen, og dei spesielle lysforholda mellom dalsidene, har vore ei inspirasjonskjelde for kunstnarar i fleire århundre. Den verdskjende franske målaren Olivier Debré besøkte Lærdal ei rekkje gonger, og har måla mange abstrakte bilete med utgangspunkt i landskapet, fargane og lyset i dalen.